Paper #2 – Usability Analysis

Itavisen.no er ei side for nyhende innan IT og forbrukarteknologi. Den er utgitt av Aller Internett, som også har andre kjende nettstadar som dinside.no, seher.no og lommelegen.no. Itavisen dekker eit vidt spekter av tema, inkludert spel og mobilteknologi, og har fleire formidlingskanalar, m.a video/podcasting, blogg og forum.

Heimesida er ein mikstur av alt innhaldet, og her freister ein å få det viktigaste frå kvar del fram (nyheiter, forum, blog, osb). Dette stemmer bra med kva Krug skriv om heimesida på s. 96. Sida er delt inn i ulike spalter, med ein hovudboks i midten som viser smakebitar frå artiklane. Rundt denne boksen er annonsefelt, som dekker øverste del og høgre delen av skjermen. Sakene blir presentert i små boksar, med små bilete, ei overskrift og ein undertittel. Her har eg litt problemer med å lese av og til, sidan itavisen tydelegvis ikkje har teke høgde for ulike skrifttypar og skriftstorleikar. Det ser ut som at noko av skrifta forsvinn inni boksen når skriftstorleiken er for stor. Det kan hende at itavisen har testa sida si berre på den maskina som sida vart lagd på, og konkludert med at skrifta var OK. Såvidt eg veit kan dette problemet oppstå ikkje berre på andre operativsystem, men også t.d på andre versjonar av Windows eller på maskiner med andre skrifttypar installert, eller ein anna førehandsvalgt skriftstorleik. For å demonstrere kan ein besøke fyrstesida til itavisen.no og auke skriftstorleiken i nettlesaren.

Itavisen har mange bannerannonser på sida si. Nederst på sida er det også ein “rullande” annonseboks, som annonserer tilbod på digitale kamera o.a “gadgets”. Dette tek plass, og det er ikkje mykje av den statiske sidebreidda som vert brukt til innhald. Hovudproblemet er kanskje ikkje plassen, men at desse annonsene blinkar og “hyler”, slik at ein blir distrahert, og ikkje greier å skilje tydeleg mellom oppslaga (Krug, s 38-39).

Itavisen har også ein søkeboks. Denne er lett å bruke, og har ikkje forvirrande detaljar om søket (Krug, kap 4). Resultata kjem frå kvasir.no, og eg får opp relevante og interessante resultat nå eg søkjer på “linux”.

Rett under hovudbanneret er ein hovudmeny. Denne forsvinn i mengden av blinkande bannerar og nyheitsboksar. Etter fleire års bruk var det fyrst då eg sette meg ned for å skrive ein usability rapport at eg vart klar over den. Denne består av “nyheter”, “tester”, “spill”, “forum”, “pimp my pc”, “klikk tv”, “freecast” og “speedometer”.

Når ein klikkar på “nyheter” får ein ein meir oversiktleg og lesbar opplisting av nyhende. Her er boksar som går over to spalter (samanlikna med framsida), med ei nyheit i kvar og med eit lite bilde. Denne sida er mindre utsett for skriftstorleik problemet som eg har omtalt tidlegare, men er framleis ei stor forbetring. Det er også ei spalte på sida med nyheiter frå søstersidene til itavisen. Desse tilhøyrer også Aller Internett.

På “tester” er det ein tilsvarande layout som på framsida, men her bruker ein berre halve spalteplassen. Den øverste delen er delt med ein boks med ulike hovudoppslag (mobilvelger, søkeboks o.a). Denne er også meir lesbar enn oppslaga på framsida. Dei fleste av artiklane er frå eksterne sider (innanfor Aller Internett), så her forandrast både layout, namn og design når ein går inn på ein artikkel. Ei betre løysing kunne kanskje vore å aggregert artiklane inn på itavisen.no, istadenfor å sende lesarane til andre nettsider.

På “spill” er ein tilbake til layout som på framsida. I mitt tilfelle forsvinn noko av innhaldet slik at eg ser ein stor kvit firkant midt på sida. Her er det tydelegvis noko dei ikkje har teke omsyn til, eller så er det kanskje ei Flash annonse som ikkje vil visa, muligens pga nettverksproblem.

Forumet er i seg sjølv ikkje så verst, men manglar ein brødsmulelink, slik mange forum har. Det ser ut som denne brødsmulenavigasjonen er erstatta av ei lenkje med “klikk her for å skifte kategori”. Dette er unødvendige ord og kunne vore erstatta med t.d “Kategoriar” e.l (Krug, kap 5).

“Pimp my pc” er ein seksjon av sida der brukarar kan promotere sine modifikasjonar av PC kabinett. Her  er det mange artige modifikasjonar, frå ein pingvin til ei utstillingsdokke med PC maskinvare inni seg. Publikum kan stemme på modifikasjonane mha terningkast. Her er layouten grei nok, men heile sida forstyrrast noko av ei ekstra bannerannonse frå komplett.no, som tydelegvis er ein sponsor bak tiltaket, og som nyttar høvet til å annonsere delar som kan nyttast til pc modifikasjonar. Denne kunne vore meir diskret plassert, m.a sidan ein vil måtte scrolle for å sjå hovudinnhaldet på mindre skjermar.

“Klikk TV” er itavisens videocast med relevant materiale. Eg har hatt glede av denne videocasten, sjølv om det er meir mynta på underhaldning enn lærerikt eller vitenskapleg korrekt innhald. I noverande episode baker dei kake for å markere 10-års jubileet til dinside.no, som er relatert til itavisen gjennom Aller Internett. Sida for “klikk tv” har tydelege abbonneringsknappar for RSS og iTunes, tydelege lenkjer til dei ulike episodane, og ein kan laste ned episodane i mange ulike format samt sjå den direkte i nettlesaren mha Flash.

“Freecast” er spalte der brukarar kan lasta opp podcaster og publisere dei å itavisen. Podcastane er sortert i kategoriar som står framstilt på forsida, og dei nyaste podcastane er prominent plassert i boksar under “ferske podcaster”.

“Speedometer” er eit måleinstrument der ein kan måle kapasiteten på internettsambandet sitt. Sida sprett opp i eit nytt vidauge, og inneheld ein Java Applet. Denne kjem uten nokon form for åtvaring. Det kunne vore ideelt med ei åtvaring om at ein kjem til ein Java Applet, og at den sprett opp i nytt vindauge. Her kunne ein med fordel fulgt tabs konvensjonen beskreve av Kress på s. 79.

Itavisen er ei svært stor nettside, med mykje stoff, mange funksjonar og mange brukarar. Det kunne vore fordelaktig å barbere bort noko av konseptet, slik at sida kunne framstått enklare. Slik den er no har den mange av dei same problema som andre kjente norske nettstadar (m.a vg.no), i at innhaldet ligg godt rota saman med blinkande og støyande bannerannonser. Itavisen.no lider noko av at den skal fungere både som nyheitsformidling og sosial/samfunn nettside. Kanskje hadde det vore betre å bryte det ned til kun nyheiter som brukarane kunne kommentere, så flytte forum, pimp my pc, spel, og alt anna semi-relevant ut til dei nettsidene som er relaterte gjennom Aller Internett? Denne kritikken går også noko mot Aller Internett, som har fleire nettsider som dekker eitt tema (digi.no, kudos.no, dinside.no/data, osb).

Say your words