Det er nokre småting eg kunne tenkt meg å endre på her (t.d ha bakgrunnsbilete på dikt-flata), men eg publiserer løysinga mi på oppgåve 2 no likevel:
Arkiv for januar, 2008
Presentasjon av meg sjølv
Me har fått i oppgåve å presentere oss sjølv.
Eg er fødd i 1977 og har jobba nokre år før eg begynte å studere for fullt. Dreiv då med lydteknikk i samband med utvikling av digitale læremidlar (innlesing, lydeffektar o.a), og ein del med tekniske ting som HTML, PHP, Java, o.a. I nyare tid har eg blitt interessert i GNU/Linux, og spesielt lydbehandling på denne platforma. Program som eg likar er JACK Audio Server, Ardour og Renoise. I framtida ynskjer eg å jobbe med DSP programmering mot JACK, og med musikk og lyd generelt.
Har jobba ein del med HTML, CSS o.l frå eit teknisk perspektiv, og no vonar eg at eg kan få lært litt om det estetiske og formidlingsmessige i HUIN105!
Hei, verden!
No har eg endeleg fått meg ein wordpress blog. På denne vil eg formidle framdrift og nyhende om INF105 HUIN105 kurset som eg tek i vår.