Steve Jobs ein homosympatisør, del 2

Eg har blogga tidlegare her om at Steve Jobs muligens kan vere ein homosympatisør. Denne mistanken vert styrka ved at ITAvisen.no no melder at Apple maskiner er godt likt blant homofile og lesbiske.

Me fylgjer spent med vidare i denne saken!

Kommenter innlegget »

Photoshop oppgåve

No har eg rett nok lagd denne oppgåva i The Gimp, men eg kallar det likevel ei Photoshop oppgåve!

Forhåpentlegvis vert den svarte humoren i plakaten tolka som humor, det er det som er meininga! Vonar ingen finn den støytande.

Kommenter innlegget »

Paper #2 – Usability Analysis

Itavisen.no er ei side for nyhende innan IT og forbrukarteknologi. Den er utgitt av Aller Internett, som også har andre kjende nettstadar som dinside.no, seher.no og lommelegen.no. Itavisen dekker eit vidt spekter av tema, inkludert spel og mobilteknologi, og har fleire formidlingskanalar, m.a video/podcasting, blogg og forum.
Les resten av dette innlegget »

Kommenter innlegget »

Oblig 2 – Webnarrative

Oppgåve 2, Webnarrative, har eg no lagt ut. Det er historia om BeOS, eit sagnomsust operativsystem som møtte veggen. Eller kanskje ikkje endå.

BeOS History Guide:

http://www.student.uib.no/~jri022/huin105/beoshistory/

Oppdatering: Pga dårleg støtte for PNG bildeformatet på Rasmus serveren, har eg lagt ut eit speil her:

http://ringheimsauto.org/ting/beoshistory/

Kommenter innlegget »

Paper #1

Semiotic analysis of Norwegian party Ventre’s website (venstre.no).

Venstre is a Norwegian social liberal party founded in 1884.

Les resten av dette innlegget »

Kommenter innlegget »

10 feil i ikon design

Mange interessante artiklar for tida. Denne gongen vil eg vise til 10 Mistakes in Icon Design, som tek for seg typiske feil i ikon utforming, med dømer frå fleire operativsystem (Mac, Windows, Linux og BeOS).

Kommentarar (1) »

10 webdesign prinsipp

Kom over ein interressant artikkel om webdesign idag. Den tek for seg fleire viktige prinsipp som også vert omtala i Don’t make me think.

Kommentarar (1) »

Teknologifirma logoar

Idag fann eg ein interessant artikkel som tek for seg utviklinga til ulike teknologiselskap sine logoar. Mykje interssant her, m.a Nokia, Microsoft og LG Electronics. Logoen til Apple, som me omtalte her tidlegare, er også teken med.
logo-nokia.gif

Kommenter innlegget »

Diktet forbetra!

No har eg fikla litt med skrifttypar, vinklar og margar på diktet mitt, så no skal det sjå fint ut!

Kommenter innlegget »

Er Steve Jobs ein homo sympatisør?

Idag fekk me høyre om eit rykte om korleis Apple Computer har fått namnet sitt:

Då det kom fram at Alan Turing var homofil, fekk han ei fælsleg handsaming av det trongsynte samfunnet på den tida. Ikkje berre hormonbehandlingar, men ellers hundsing og nedlating av hans seksuelle orientering, som om det skulle vore ein sjukdom. Dette gjekk han på nervene, i den grad at han til slutt bestemte seg for å ta sitt eige liv. Det gjorde han ved å forgifte eit eple og ete ein bit av det.
Er logoen og firmanamnet til Apple valgt i sympati for skjebnen til denne framifrå datavitskapsmannen?

Kommentarar (1) »